Vona fins (Chai: Norwegian (Nynorsk))
Kom høyr min song, eg lever sterkt, Og mine augo skôdar mot Guds ljos Men torner veks på rosetre, Og mange harde år ligg føre oss Sjå tida flyg så altfor fort, Kom, lat ikkje vona svinna bort...
Ei von som går, frå far til son, Er vona om eit fredsrike på jord. I kvadet om, eit lite land, I aust – den songen kvedest hjå Guds folk.
Kor: Vona fins, i sjela til Guds folk, Gjennom lange tider, Har dei kvede songen, om Eretz Israel, Og vona lever enn, Ho lever i Guds folk, Høyr: Der lyder songen, I det vesle landet: Eretz Israel.
Dag og natt – er fyld av liv, På him’len kan eg skoda Herrens eld Eg syngja vil, til evig tid Og lyfta hand, velkomen kvar ein ven Eg ber min Gud, At denne von ikkje kverva skal, men eiga livets rett
Kor: Vona fins, i sjela til Guds folk, Gjenom lange tider, Har dei kvede songen, om Eretz Israel, Og vona lever enn, Ho lever i Guds folk, Høyr: Der lyder songen, I det vesle landet: Eretz Israel.
Kom høyr min song, eg lever sterkt, Og mine augo skôdar mot Guds ljos Til livet skal vår heider stå, Og våre born skal heim til landet nå, Eg ber min Gud, At denne von ikkje kverva skal, men eiga livets rett
Kor: Vona fins, i sjela til Guds folk, Gjenom lange tider, Har dei kvede songen, om Eretz Israel, Og vona lever enn, Ho lever i Guds folk, Høyr: Der lyder songen, I det vesle landet: Eretz Israel. |